NorskEnglish

ELVATUN & RESTAURANT

ELVATUN

INFO

BOOKING INFO
Om
Galleri
Lenker
UTLEIGE
Nyheter
facebook-icontwittericonyoutube-icon
Vêrvarsel for Voss
Elvebrett BilderElvebrett Video Booking-tlfbooking-online
Elvebrett

RiverboardingNokon tykkjer det er mest moro å surfe i bølgjer og symje ned små stryk, medan andre vil prøve seg i store valsar og tronge, bratte fossefall. Med symjeføter og hanskar er det forbausande lett å manøvrere deg sjølv og elvebrettet.

God drakt, redningsvest og hjelm vernar deg mot elementa. Vårt profesjonelle team instruerer og rettleiar deg gjennom kurset.

Gjennomføring:

Etter briefing og omkledning på raftingsenteret køyrer vi ca 20 minutt til elva. Der blir det tryggleiksinstruksjon før ein hoppar uti. Vi bruker litt tid til å begynne med på å lære å kontrollere brettet og korleis redde seg sjølv, deretter set vi av stad ned elva.
Ein byrjar med lette stryk og aukar på etter kvart som ein passerer stryk, surfar ned bølgjer og har det moro på vegen. Dei modige kan prøve seg på større stryk og valsar, men uansett blir du rettleia av våre profesjonelle guidar undervegs.
Etter ca to timar på elva returnerer til raftingsenteret for varme dusjar og omkledning. Etterpå viser vi bilde frå turen i restauranten, der du også kan kjøpe deg noko å ete eller drikke. Grupper bør førehandstinge mat.  Den perfekte avslutninga på  turen får du om du har reservert plass i våre utandørs boblebad & badstove!
Du får låne av oss: 7mm semidry våtdrakt, neoprensko, hanskar, knevern, symjeføter, redningsvest, hjelm og Carlson riverboard.
 

Elvebrett Info

VARIGHEIT:

  • 4 timar totalt
  • 2 timar i elva

ALDERSGRENSE:

  • Minimum 15 år

KRAV TIL HELSE:

  • God fysisk helse – elvebrett er fysisk hardare enn rafting!
  • Må vere god til å symje
  • Ikkje påverka av rusmiddel
  • Dersom du har astma, epilepsi, sukkersykje, hjarteproblem eller liknande, ring oss for informasjon.

INKLUDERT:

  • Alt utstyr
  • Henting / bringing
  • Forfriskningar

TA MED:

  • Badetøy
  • Handkle
  • Ei langerma ull undertrøye for kjølege dagar

ATTERHALD OM VER:

  • Ingen så lenge det er vatn i elva.
  • Temperatur i elva: vanlegvis medio mai  - medio september
 

Bilder-Video

Nyhetsbrev

Nyhetsbrev

Registrer deg i vårt
Newsletter system!

VOSS RAFTING SENTER AS: Pb 9, 5701, VOSS, NORWAY: ORG: 985 205 493: tlf: (+47) 56 51 05 25: e-post