Kurset gjev grunnleggande utdanning som rafting guide, og du vil få eit kursbevis som fortel at du er treningsguide. Som treningsguide vil du få delta gratis på våre arrangement og også hjå dei fleste andre raftingselskap i Noreg.
Der er normalt nødvendig med ca 30 treningsturar etter fullført kurs for å få lisens som sjølvstendig guide, det vil seie at du kan føre ein raft med gjester på eiga hand. Du kan då søkje jobb hjå Voss Rafting Senter eller hjå andre raftingselskap i inn og utland. Ein kan også sjå på kurset som ei opplevingsrik og spennande veke i seg sjølv. Dessutan får du "Livstidskort" med gratis rafting! Du vil ikkje angre på at du gjennomfører guideskulen hjå oss!
Kvifor velje Voss Rafting?
- Vi har halde kurs sidan 1995 og utdanna guidar som jobbar rundt i heile Noreg.
- Moderne guidekurs av høg kvalitet, oppgradert både pedagogisk og innhaldsmessig i 2006! Kurset er no basert på "coaching".
- Du får med deg VRS sin nyutvikla guidemanual - ei bok som inneheld det meste av det du treng å vite om rafting.
- Vi har dei mest tekniske elvane. Tek du utdanninga her, er du godt rusta til å jobbe alle plassar.
- Hovudinstruktør er Allan Ellard, ein av verdas fremste elvepadlarar. Alle øvrige instruktørar er også i toppsjiktet av internasjonal elveekspertise.
Innhald
Generelt vil det vere både teoretiske og praktiske bolkar kvar dag. Kort fortalt vil dei praktiske leksjonane i hovudsak gå føre seg i Strandaelva. Dette dreier seg om teknisk guiding, sikkerheitstrening og redning. Dei teoretiske leksjonane vert haldne på Voss Rafting Senter. Dette omfattar blant anna hydrologi og sikkerheits -prosedyrar. Hovudspråket under kurset vil være engelsk.
Tidpunkt
I 2010 har vi eitt kurs, måndag 5. juli tom fredag9. juli, kvar dag frå kl 09.00 til ca kl 20.00. Påfølgande helg er det meininga at ein får følgje kommersielle turar med gjester.
Pris
Kurset kostar kr 4.990,-. Betaling må skje innan kursstart og kvittering må visast ved frammøte første dag. Du kan også betale kontant ved frammøte. Avgifta dekker alle praktiske og teoretiske leksjonar og du får med deg VRS sin nyutvikla guidemanual. Middag er også inkludert i prisen.
Kost og losji
Du kan bu gratis i telt i hagen ved raftingsenteret om du har med eige telt. Vi har garderobeanlegg med toalett, dusjar og låsbare skåp. Vi kan sjølvsagt vere behjelpeleg med å foreslå campingar etc. Frukost og lunsjpakke må du ordne sjølv, men middag er inkludert i prisen. Du kjem til å ha stort behov for mat!
Påmelding
Ta kontakt med Voss Rafting Senter på telefon 56 51 05 25 eller e-post - KONTAKT
VIDAREGÅANDE GUIDE KURS
Voss Rafting Senter tilbyr frå i år eit vidaregåande guide kurs mynta på:
- mindre erfarne guidar som ynskjer eit lyft i kompetansen
- guidar som ynskjer ny inspirasjon og oppgradering
- guidar i selskap som er under utvikling og ser på kvalitetsforbetringar, vanskelegare elvestrekkjer etc.
Innhald:
- teknisk guiding på høgt gradert elv
- leiing
- tryggleik
Ta kontakt om det skulle vere nokon spørsmål eller påmeldingar!
|