GJENNOMFØRING (Strandaelva)
Etter signering, briefing og omkledning på raftingsenteret , køyrer vi 15-30 minutt til elva i buss eller minibuss. Deretter blir det tryggleiksinstruksjon ved elvebredda, før ein blir delt inn i grupper på 4-7 personar. Kvar raft blir leia og instruert av ein erfaren guide.. Etter litt trening, set ein kursen nedover elva og startar med lette elvestryk som oppvarming. I løpet av første delen må alle gjestene flyte på ryggen ned eit lite stryk og symje inn til sida, alt overvaka av våre profesjonelle guidar - vi kallar det akklimatisering! Dermed er ein klar for dei store stryka på hovudseksjonen…
I Strandaelva vert gjester og båtar køyrde rundt ”Money Drop” – ein 11 meter høg foss, før vi startar på andre delen. Her blir det ein kort pause med servering av kaffi/te og kjeks, på dei andre turane tek vi kaffipausen ved takeout. Etter pausen er det tid for action! Guidane repeterer viktige kommandoar og informerer om stryka som kjem nedover, deretter set vi av garde. Vi har strenge rutinar som gir maks moro og action på elva, men som aldri går på bekostning av tryggleiken.
Etter å ha vore på elva i ca 2 timar, returnerer vi til Voss Rafting Senter for å få ein varm dusj og skifte til tørt tøy. Etterpå viser vi bilde frå turen i restauranten, der du også kan kjøpe deg noko å ete eller drikke. Grupper bør førehandstinge mat. Den perfekte avslutninga på turen får du om du har reservert plass i våre utandørs boblebad & badstove!
ELVANE:
Strandaelva:
Grad 3-4+, ca 8 km. Ein klassikar! Dette er den mest vanlege turen vår, med 9 spektakulære stryk og mange vakre seksjonar. Sidan elva har rolegare parti mellom dei store stryka, er graderinga relativt låg samanlikna med størrelsen på stryka, og du får verkeleg valuta for pengane!
Raundalselva:
Grad 3-4+, ca 7 km. Vi nyttar denne elva når Strandaelva er for låg, vanlegvis i august – september. Denne elva går gjennom eit vakkert og isolert juv, vekke frå biltrafikk og anna sivilisasjon. Denne elva er krevjande og blir rekna for å vere ei av dei mest tekniske i Norge. |