Gjennomføring
Heildagstur med varm lunsj ned Raundalen, inkluderer 18 spektakulære stryk gjennom den tronge og vakre Raundalen.
Etter å ha fått på seg utstyret køyrer vi til elva, ein tur på ca 30 minutt. Ved elvebredda blir det tryggleiksgjennomgang før ein deler seg inn i grupper. Deretter blir det symjetest – eller ”akklimatisering” som vi kallar det.. Guiden din vil gje deg opplæring og de er snart klare for action.
Etter litt trening set de kursen nedover den krystallklare elva og passer gjennom tronge juv. Første del av turen er identisk med den vanlege Raundsturen. Avhengig av vasstanden er det ulike mulegheiter ved fleire stryk, og du får sannsynlegvis høve til å hoppe frå ein 6 meter høg klippe.
Det blir servert varm lunsj og drikke der vi vanlegvis avsluttar den vanlege Raundalsturen.
Etter pausen er det tid for meir action! Endå 9 uforgløymelege stryk som ikkje har vore rafta sidan tidleg på 90-talet. Ved perfekte tilhøve kan vi ta deg med ned to av dei største stryka du finn i kommersiell rafting i heile verda!
Vi gjennomfører turane på ein måte som gir mest muleg action utan å gå på bekostning av tryggleiken.
Tilbake på raftingsenteret ventar varme dusjar og tørre klede. I Årestova kan du sjå bilete frå turen på storskjerm og kjøpe mat og drikke om du ynskjer det.
Den perfekte avslutninga på turen får du dersom du førehandstingar våre utandørs boblebad og deretter nyt ein betre middag i Årestova.
Turen er kun tilgjengeleg når vi køyrer normale turar i Raundalen, vanlegvis i juli og august - kontakt oss for meir!
|