|
|
|
VRS har lang erfaring med å sy saman små og store event for grupper. Våre aktivitetar er som skapt for relasjonsbygging og vi kan setje saman mange ulike kombinasjonar av aktivitetar, spa og matservering, enten deg gjeld bedrifter, organisasjonar eller private lag. Hjå oss kan du kombinere relasjonsbygging og styrking av samhald med rike naturopplevingar, velvere og god heimelaga mat i heilt spesiell atmosfære.
Vi skreddarsyr program etter kunden sine ynskje, alt frå grillmiddag i villmarksleiren til utandørs boblebad og femrettars middag i Årestova. I samarbeid med hotella på Voss og ulike transportselskap tilbyr vi komplette pakkar med aktivitetar, overnatting, mat, konferansefasilitetar og transport, nesten uansett størrelsen på gruppa.
Dei mest populære pakkane inneheld ofte teambuilding eller rafting i kombinasjon med boblebad og god mat i Årestova. Villmarksleiren og høgdeløypa er også svært populær. For større grupper kan ein gjerne setje opp parallelle aktivitetar, der ein møtes til felles hygge og mat etterpå. Det er berre fantasien som set grenser og vi vil gjere vårt yttarste for gje dykk eit arrangement som aldri blir gløymt! |
|
|
For grupper skreddarsyr vi pakkar med ulike aktivitetar som fremjar samarbeid og lagbygging. Området rundt raftingsenteret er perfekt for ulike aktivitetar, og vi gjennomfører program både her og i villmarksleiren.
Gruppa vert delt i mindre lag som konkurrerer mot kvarandre i aktivitetar som øksekasting, luftpistolskyting, katapultbygging, blindebukk, vikingspelet "kubb", teoretisk problemløysing med meir. Dersom ein har arrangementet i villmarksleiren, kan sjølvsagt hinderløypa vere ein av aktivitetane. Vi skreddarsyr pakken ut frå gruppa sine ønskje og kor lang tid ein har til disposisjon.
I tilknyting til desse aktivitetane tilbyr vi også lunsj eller grillmiddag. Vi kan også formidle hotell og konferansefasilitetar samt andre aktivitetar som ein del av våre pakkar. Trykk på biletet over for fleir samarbeidstreningbilete! |
|
Den fantastiske og heilt spesielle leiren er plassert mellom digre kampesteinar like ved Strandaelva og er arrangert rundt ei naturleg steingrotte. Her har vi fleire same-lavvoar, eit stort vikingbord under tak, fleire bålplassar og utedoar. Reinsdyrskinn og parafinlamper er med på å gje leiren den rette atmosfæren og råma rundt eit vellykka opphald.
Hinderløypa i leiren består av 9 ulike utfordringar 10 meter over bakkenivå. Her er ulike balanse- og klatrehinder og ei 70m lang Flying Fox (taubane). Vi kan også tilby andre aktivitetar som fordrar samarbeid.
Dei dyktige guidane våre tilbreder maten over open eld. Vi kan servere nesten kva som helst, men vi anbefaler grilla kjøt med grøn salat, potetsalat og pastasalat. Som dessert serverer vi vanlegvis ein nydeleg heimelaga fruktsalat.
Villmarksleiren kan nyttast som eit ettermiddags- eller kveldsarrangement, men det er også triveleg å overnatte her. I så fall serverer vi ein kraftig tømmermannsfrukost neste dag. Vi har fire lavvoar som kvar tek 10-20 personar. Trykk på biletet over for fleir samarbeidstreningbilete! |
|
I periodane mai/juni og august/september arrangerer vi på vekedagar turar for skulegrupper til kraftig redusert pris. Basispakken er eit todagars opplegg som inkluderer overnatting i villmarksleiren med alle måltid, rappellering, hinderløype og rafting. Pakken kan sjølvsagt byggast ut med fleire overnattingar og aktivitetar. Be om tilbod!
|
|
Vi har 5 køyretøy – 4 minibussar og ein 36-seters buss – dvs at vi har kapasitet til transportere over hundre personar i slengen.
I samarbeid med hotella på Voss og ulike transportselskap tilbyr vi komplette pakkar med aktivitetar, overnatting, mat, konferansefasilitetar og transport, nesten uansett størrelsen på gruppa.
|
|
Les mer
|
|
|
|
Nyhetsbrev

Registrer deg i vårt Newsletter system!
Kunder:
|
Klikk logo for å lese referanse:



ABB
Aker Stord
Algaard AS
Aroma Restaurant
Bergen Elektro Automasjon
Bergen Energi
Bergen kommune
Bergen Stillasutleie
Bergen Turlag
Bildøy Bibelskole
Blokkhaugen skole
Borø Ungdomsskole
Buro Scandinavia (NL)
Capilli Frisør
CIC Gruppe & Spesialreiser
Contiki Travel (GB)
COWI AS
Danielsen Videregående skole
Do It (NL)
Eidfjord kommune
Ekstrem Utvikling
Ernst Eismann AS
European Cruise Service
EXin.No
Exodus AS
FMC Kongsberg Subsea
Frank Mohn
Halbrend skule
Haraldsvang Ungdomsskole
Hardanger Fartøyvernsenter
Havforskningsinstituttet
Hop videregående skole
Hordaland Fylkeskommune
Hordaland Høyre
Hordaland Skikrets
IKEA
J.Martens
Jans Hageservice
Kasten Moholt AS
Kriminalomsorgen
Lerum Fabrikker
LINK Signatur
Mambo Tours (NL)
Masfjorden Sjukeheim
Montasje Kompagniet
Murmester Nygård
Møller Bil AS
NATO / Joint Warfare Centre
Next Gentel
Norges Handelshøyskole, NHH
Norheim Menighet
Nygård skole
O. Kavli AS
OAD Reizen (NL)
Odfjell Drilling
Olsvik skole
OneCall
Ortun skole
Osterøy Ungdomsskole
Plantasjen
ResLab Integration
Rjukan Ungdomsskole
Road Less Travelled (US)
Scan Auto Kokstad
Seljord Folkehøgskole
SGS Norge
Siemens
Skigutane AS
Sognekraft
Sola videregående skole
Sparebanken Vest
Statens Landbruksforvaltning
Statoil Hydro Mongstad
Stord Ungdomsskole
Straumen skule
Sund kommune
Sæterdal Elektro
Søre Skogvei Barnehage
Taber Holidays (GB)
Team Service
Tertnes Idrettsskole
Tide Reiser
Toro
Try Norway
Universitetet i Bergen, juridisk fakultet
Vestsiden Fotball
Vinje commune
VITAL Forsikring
Voss kommune
Voss ungdomsskole
Wrigley Scandinavia
Ørnar IL
_____________________________ |
|
|