NorskEnglish

ELVATUN & RESTAURANT

ELVATUN

INFO

BOOKING INFO
Om
Galleri
Lenker
UTLEIGE
Nyheter
facebook-icontwittericonyoutube-icon
Vêrvarsel for Voss
Leiarstilling: Kontor- og bookingsjef

leiarstilling-icon

Voss Rafting Senter AS er ei av dei største aktivitetsbedriftene i Noreg og har i 18 år arrangert opplevingar for turistar, lag og firma. Rundt 40 tilsette utgjer til saman 12 årsverk, 3 av desse er heiltidsstillingar. Senteret held til i eigne bygningar på Skulestadmo. Firmaet er veldrive, ekspanderande og nye produkt er under utvikling.

 

Leiarstilling: Kontor- og bookingsjef

Vår kjære kontorsjef skal flytte frå Voss og vi søkjer ein dyktig arvtakar til denne viktige stillinga. Kontorsjefen har marknadsføring, sal og koordinering av booking som hovudoppgåver, men har også ansvar for den daglege drifta av kontoret og står for vertskapet i dei fleste samanhengar. Kontorsjefen arbeider i tett team med Aktivitetssjefen og Restaurantsjefen. Desse tre utgjer saman med dagleg leiar administrasjonen i selskapet. Me ynskjer ein initiativrik, ryddig og effektiv person med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Søkjarar bør ha gode skriftlege kvalifikasjonar i nynorsk og engelsk. Erfaring frå sals- og kontorarbeid er ein fordel.

Søknad med CV og referansar sendast frode@vossrafting.no

eller

Voss Rafting Senter AS, Pb 9, 5701 Voss

Søknadsfrist: 15.mars 2010

 

Nyhetsbrev

Nyhetsbrev

Registrer deg i vårt
Newsletter system!

VOSS RAFTING SENTER AS: Pb 9, 5701, VOSS, NORWAY: ORG: 985 205 493: tlf: (+47) 56 51 05 25: e-post