|
|
|
Vi er alltid på utkikk etter dyktige guidar!
VRS veks og vi leItar etter fleire dyktige, allsidige guidar med erfaring frå elv, tau, arrangement og generelt friluftsliv.
YNSKJER DU Å JOBBE FOR OSS NESTE SESONG?
Vi søkjer guidar med erfaring i alle eller dei fleste av følgjande område:
- Rafting - grad 1 - 4 +
- Elvebrett
- Juving
- Rappellering og andre tau aktivitetar
- Høgdeløype
- Teambuilding og events
- Fiske
- Video (Vi er kun interessert i video personell som også kan guide!)
GENERELLE KRAV
- Alle tilsette må ha førarkort for 17 seters minibuss (transportløyve)
- WRT, SRT eller tilsvarande elveredningskurs
- Førstehjelp sertifisering
KVA TRENG VI Å VITE OM DEG:
- Personleg info: Namn / alder / kjønn
- Kvar er du frå
- Kor lenge har du vore guide / Kor mange sesongar.
- Kven har du jobba for
- Kva elvar har du jobba på.
- Kva slags turar har du guida
- Stilling og ansvar,.f.eks. guide, turleiar, senior guide osv.
KVA MÅ DU SENDE MED:
- Kopi av førarkort.
- Kopi av safety kursbevis.
- Kopi av førstehjelps sertifikat.
I TILLEGG:
Vi er også interessert i følgjande informasjon:
- Kan du bruke datamaskin ..?
- Har du tømrar-/byggeerfaring og er du flink til å reparere ting..?
- Erfaring i å reparere/vedlikehalde bilar..?
- Har du erfaring med arbeid i bar/restaurant.
- Kva er din motivasjon i livet..?
KORLEIS SØKE?
Send søknad med relevant info, vedlegg og referansar HER
Vi startar vanlegvis bemanningsprosessen rundt nyttår, du bør difor sende søknad til oss innan utgangen av året.
|
|
Nyhetsbrev

Registrer deg i vårt Newsletter system!
|