NorskEnglish

ELVATUN & RESTAURANT

ELVATUN

INFO

BOOKING INFO
Om
Galleri
Lenker
UTLEIGE
Nyheter
facebook-icontwittericonyoutube-icon
Vêrvarsel for Voss
Fosserappellering
Fosserappellering

Gjennomføring:

Etter omkledning og utdeling av utstyr på raftingsenteret køyrer vi 15 minutt til parkeringa ved Skjervskiosken. No står vi på toppen av den mektige fossen og herifrå går det berre nedover!
Instruktøren gir informasjon om tryggleik og instruerar i korrekt bruk av utstyret. Sjølv om du sjølv kontrollerer nedstigninga, vil du vere sikra gjennom eit tryggleikssystem og kontrollert av ein guide.

Nedstiginga består av 2 hovudrappell og ein oppvarmingsdel: Første rappellen er kort og enkel, den brukar vi som oppvarming og for å forsikre oss om at alle er fortruleg med utstyret. Andre nedstigninga er på 30 meter ned til ein avsats, før den siste store nedstigninga på 70 meter. Ved normal vasstand passerer du bare få meter frå fossefallet, men du får deg som regel ein real dusj. Det fallande vatnet skapar turbulens og vindar. Til slutt når du bakken og endar opp i bassenget rett under fossen.

Her blir det forfriskingar, før ein til slutt hoppar i bussen og køyrer tilbake til raftingsenteret for varm dusj om omkledning. I Årestova kan du sjå bilde frå turen – som òg kan kjøpast med på cd, kjøpe deg mat og drikke, eller senke deg ned i dei førehandsbestilte boblebada…

Du treng ikkje tidlegare klatreerfaring, men dersom du har høgdeskrekk er kanskje ikkje dette aktiviteten for deg. Ikkje tru du har prøvd rappellering før du har gjort dette!!

 

 

Fosserappellering Info

VARIGHEIT:

  • 3-4 timar totalt (avhengig av størrelsen på gruppa)

ALDERSGRENSE:

  • Minimum 15 år

KRAV TIL HELSE:

  • Normal fysisk helse – van med å gå i ulendt terreng.
  • Dersom du har ekstrem høgdeskrekk er kanskje ikkje dette aktiviteten for deg…..
  • Ikkje påverka av rusmiddel
  • Dersom du har astma, epilepsi, sukkersykje, hjarteproblem eller liknande, ring oss for informasjon.

INKLUDERT:

  • Alt utstyr
  • Henting / bringing
  • Forfriskningar

TA MED:

  • Badetøy
  • Handkle
  • Ull undertøy dersom kjølig ver
  • Gode sko (joggesko/fjellsko eller liknande) som vil bli våte

ATTERHALD OM VER:

  • Ingen atterhald om ver, men kan bli stengt dersom mykje vatn i fossen
 

Bilder-Video

Nyhetsbrev

Nyhetsbrev

Registrer deg i vårt
Newsletter system!

VOSS RAFTING SENTER AS: Pb 9, 5701, VOSS, NORWAY: ORG: 985 205 493: tlf: (+47) 56 51 05 25: e-post