NorskEnglish

ELVATUN & RESTAURANT

ELVATUN

INFO

BOOKING INFO
Om
Galleri
Lenker
UTLEIGE
Nyheter
facebook-icontwittericonyoutube-icon
Vêrvarsel for Voss
Høydepark Bilder Booking-tlf
Høydepark

HøydeparkGjennomføring:

Når du kjem til leiren vil du få utlevert det du treng av tryggleiksutstyr; klatresele, hjelm og karabinkrokar. Deretter blir det gjeve grundig instruksjon før ein forlet bakken!

 

Utstyret gir deg mulegheita til å ta deg forbi dei ulike hindera på vegen gjennom tretoppane, samtidig som du alltid er trygt festa til tryggleikssystemet / ziplina. Du tek deg gjennom løypa på eiga hand, etter at guidane har gitt deg instruksjon i korrekt bruk av systemet og farane ved ikkje å følgje reglane. Når du føler deg fortruleg med utstyret får du lov til å bevege deg inn i hovudløypa. Frå då av befinn du deg 3-10 meter over bakken heilt til du er ferdig med siste utfordringa!

 

Utgangspunktet var 7 forskjellege aktivitetar, men løypa vil til slutt ha meir enn 20 ulike element som alle representerar ulike utfordringar. Enkelte postar er meir utfordrande enn andre, men det finnast alternative ruter gjennom parken. Du har altså mulegheita til å finne ditt eige nivå gjennom høgdeløypa.

 

Hinderløypa Info

VARIGHEIT:

  • 2 timar totalt
  • 1 timar i løypa

ALDERSGRENSE:

  • Minimum alder: 10 år
  • Minimum høgde: 140 cm
  • Maks vekt: 130 kg

KRAV TIL HELSE:

  • Normal fysisk helse – van med å gå i ulendt terreng
  • Ikkje påverka av rusmiddel
  • Dersom du har astma, epilepsi, sukkersykje, hjarteproblem eller liknande, ring oss for informasjon.

INKLUDERT:

  • Alt utstyr
  • Henting / bringing
  • Forfriskningar

TA MED:

  • Gode sko (joggesko/fjellsko eller liknande)
  • Kle etter vêrtilhøva, vind/vasstett dersom dårleg ver

ATTERHALD OM VER:

  • Regn: ingen problem, ta med regnkle!
  • Vind: løypa kan bli stengt i alt for sterk vind
 

Nyhetsbrev

Nyhetsbrev

Registrer deg i vårt
Newsletter system!

VOSS RAFTING SENTER AS: Pb 9, 5701, VOSS, NORWAY: ORG: 985 205 493: tlf: (+47) 56 51 05 25: e-post