|
|
Gjennomføring:
Etter å ha fått utdelt klatreselar og hjelmar på raftingsenteret køyrer vi ca 10 minutt til Tvinnefossen, der vi har rappelleringsplassen vår. Instruktørane vil ha ein tryggleiksgjennomgang og instruere i korrekt bruk av utstyret. Gruppa blir deretter delt inn i grupper, med eigen instruktør og rappelleringsstasjon. Du blir festa til tryggleikssystemet og får hjelp til å feste utstyret før du sjølv tek kontrollen og begir deg over kanten. Du får prøve fleire gonger, og forfriskingar står framme slik at ein kan forsyne seg sjølv innimellom. Til slutt returnerer vi til raftingsenteret, der ein ofte kan sjå foto frå aktiviteten eller kjøpe seg noko å ete eller drikke i Årestova.
|
Rappellering Info
VARIGHEIT:
- 2-3 timar totalt (avhengig av størrelsen på gruppa)
ALDERSGRENSE:
KRAV TIL HELSE:
- Normal fysisk helse – van med å gå i ulendt terreng
- Ikkje påverka av rusmiddel
- Dersom du har astma, epilepsi, sukkersykje, hjarteproblem eller liknande, ring oss for informasjon.
INKLUDERT:
- Alt utstyr
- Henting / bringing
- Forfriskningar
TA MED:
- Gode sko (joggesko/fjellsko eller liknande)
- Kle etter vêrtilhøva, vind/vasstett dersom dårleg ver
ATTERHALD OM VER:
- Ingen atterhald om ver, men du kan bli våt dersom det regnar
|
|
|
Nyhetsbrev

Registrer deg i vårt Newsletter system!
|