NorskEnglish

ELVATUN & RESTAURANT

ELVATUN

INFO

BOOKING INFO
Om
Galleri
Lenker
UTLEIGE
Nyheter
facebook-icontwittericonyoutube-icon
Vêrvarsel for Voss
Vinter

Sjølv om elv og fossar er frosne til is, hindrar det ikkje oss i vere ute i naturen. Vi tilrettelegg fleire spanande opplevingar, gjerne i kombinasjon med teambuilding, friluftspa og eit velsmakande måltid i Årestova!

 

toursGuida turar

Vi har eit rikt utval av turar med trugar eller ski, på dagtid eller i skumring med hodelykter. Vi syt for transporten med våre eigne minibussar og er soleis fleksible i forhold til kva fjellområde som høver best ut frå vær, føreforhold og storleik på gruppa.

 

 

thumb_winter-ropesHøgdeløype

Vår nye og utfordrande høgdepark i villmarksleiren er tilgjenge for grupper også om vinteren. Når snøen heng tungt på trea, gir det ein spesiell dimensjon ved at man må ta seg fram med truger. Etter ein kort spasertur, klatrar vi opp i høgdeløypa høgt over bakken utstyrt med sikringsutstyr. I pausen serverer vi varm drikke.

Rappellering

Denne aktiviteten høver godt også om vinteren, der snø og is gir ekstra personleg utfordring.

 

winter-teamSamarbeidstrening

Elvatun på Skulestadmo er den beste ramma for vellukka lagand og samarbeid på Voss. Vi lagar til ulike postar ute i den flotte hagen og kombinerer dette med aktivitetar som kan gjerast innandørs slik at ein ikkje blir kald. Etter aktivitetane høver det godt med ei varm oppleving i friluftspaet vårt. Årestova med skjenkerett fungerer som varmestove og her kan vi servere ein betre lunsj eller middag som avslutning. Mange kjente firma har hatt særs fine opplevingar her siste åra.

Sjå skildring her - KLIKK

 
Isvandring

isvandring

FANTASTISK NYHEIT PÅ VOSS!

Vi tør påstå at dette er den største og mest spesielle naturopplevinga du kan vere med på i vinter!
Passar godt for venegjengar og som del av konferanseopphald.

ISVANDRING I BORDALSGJELET

Sprengkulde har opna opp for ei sjeldan mulegheit rett ved sentrum av Voss. Juvet er ei geologisk perle, og når det er islagd som no kan ein vandre i botnen av det svært smale og 150 meter djupe juvet.

Les mer
 
Trugetur

Trugetur

Utforsk den magiske vinteren på Voss gjennom ein ettermiddagstur på truger!

Utstyrt med truger og hovudlykt går vi langs snødekte stiar, på jakt etter livsteikn frå skapningar som berre kjem fram i ly av mørket.

Ein super aktivitet for familiar, grupper eller konferansegjester som har sete innestengt på kontoret eller i konferansesalen heile dagen!

Les mer
 

Nyhetsbrev

Nyhetsbrev

Registrer deg i vårt
Newsletter system!

VOSS RAFTING SENTER AS: Pb 9, 5701, VOSS, NORWAY: ORG: 985 205 493: tlf: (+47) 56 51 05 25: e-post