|
|
|

Utstyrt med truger og hovudlykt går vi langs snødekte stiar i området rundt Voss.
Truger er ein morosam og spennande måte å utforske naturen på. Når dagslyset svinn og solnedgangen falmar mot mørke kjem alle slags dyr fram for å jakte på mat.
Vi kjem ofte over spor etter hjort eller elg, og er vi heldig kan vi sjå auga deira skine i mørket. Om vi ikkje er så heldige kan vi kanskje kome over det sjeldne norske trollet!
I løpet av turen stoppar vi for å varme oss med kaffi og gløgg rundt bålet.
Dette er ein super aktivitet for familiar eller grupper som vil strekkje på beina og gjere noko anna enn å stå på ski. Trugeturen kan sjølvsagt inngå som ein del av ei pakke, med middag i Årestova og utandørs boblebad og badstove. Ei perfekt ramme rundt eit kvart arrangement! |
Trugetur Info
VARIGHEIT:
ALDERSGRENSE:
KRAV TIL HELSE:
- Normal fysisk helse – van med å gå i ulendt terreng
- Ikkje påverka av rusmiddel
- Dersom du har astma, epilepsi, sukkersykje, hjarteproblem eller liknande, ring oss for informasjon.
INKLUDERT:
- Utstyr
- Henting / bringing
- Forfriskningar
TA MED:
- Full vinterbekledning
- Hue og vottar / hanskar
- Gode sko (fjellsko eller liknande)
- Kle etter vêrtilhøva, vind/vasstett dersom dårleg ver
- Ikkje gløym kamera!
|
|
|
Nyhetsbrev

Registrer deg i vårt Newsletter system!
|